• hjem
  • TEKSTER
  • BILDER
  • bygget
  • presse
  • kontakt
  • SAMARBEIDSPARTNERE

Luftskipet
  • hjem
  • TEKSTER
  • BILDER
  • bygget
  • presse
  • kontakt
  • SAMARBEIDSPARTNERE

Top
  • hjem
  • TEKSTER
  • BILDER
  • bygget
  • presse
  • kontakt
  • SAMARBEIDSPARTNERE
other top
  • english
  • norsk
  • Home
  • Galleri
  • Kalandar
  • Gitte CV
Other elements
  • Calendar
  • press
  • Broen

    Broen

    Vestnytt har i det siste via mykje spalteplass til Luftskipet. At vi er blitt avisa sitt hatobjekt nr. 1 er kanskje å ta sterkt i,  men i alle dei negative spekulasjonane som avisa målber føler vi trong til å smetta inn nokre fakta:

    Ideen om Luftskipet vart unnfanga då Gode sirklar utarbeidde ein søknad om å få vår region med i det nasjonale verdiskapingsprogrammet til Riksantikvaren og Miljøverndepartementet. Kriterier for å bli valt ut var nye virkemiddel til verdi-skaping rundt kulturminne. Blant mange søkjarar vart "Perler i Nordsjøløypa" valt ut som eitt av 11 nasjonale verdiskapingsprosjekt. Over ein fireårsperiode har regionen gjennom dette prosjektet fått tildelt 4.5 millionar kroner i stønad. Luftskipet var eit avgjerande bidrag for at Sotra og Øygarden vann fram med søknaden sin. På den måten har Luftskipet bidratt til at vi har fått midlar m.a. til nytt tak på Trelleviknaustet, nyrestaurerte Selstøbuer , til å utdanna lokale guidar og til at det har vorte gjennomført  fire Kaisess.

    At Luftskipet ikke vart ferdig til planlagt tid skuldast uforutsette, produksjons-tekniske vanskar. Men om Lutftskipet uteblei frå lanseringa på Fjell festning den 24. august 2008, vart det  likevel gjennomført eit spanande og godt besøkt kunst-arrangement i festningsanlegget - i god Luftskip-ånd. Det må òg seiast at i den mest problematiske produksjonsperioden fekk prosjektleiaren, Gitte Sætre, ei lita jente med påfølgjande eitt års barselpermisjon. Forutan krevande produksjonsoppfølging har det heile tida vore arbeidd med presentasjonen av Luftskipet.

    Det har vore gjort eit grundig arbeid med utvikling av  konsept, namn, logo og ein profesjonell grafisk profil. I søknaden heitte Luftskipet kulturfartøyet. Fram til Luftskipet stod ferdig er det blitt utvikla presentasjonsmateriell, nettsider, annonser, flygeblad, pressemateriell, søknader m.m. Vi har fått profesjonell hjelp til utarbeiding av kommunikasjonsplattform og marknadsstrategi for Luftskipet. Denne er nett ferdig og vil vera rettesnor for forankring og vidare arbeid framover.

    I Vestnytt kan ein få inntrykk av at Luftskipet har stått uvirksomt på Fjell gard i fleire månader. Dette er ikkje rett. Sidan Luftskipet landa den 5. mai i fjor har vi gjennomført følgjande arrangement:

    • Opningsutstillinga "Bibliotek" med den sør-koreanske kunstnaren Woojung Chun. Utstillinga var henta frå den internasjonale kunstbiennalen i Venezia, og vi tør påstå at liknande har ikke vore presentert i vår region før. 

    • Konsert med moderne samtidsmusikk i samband med kulturminnedagen på Gjerdet kulturminnegard og Fjell festning. Her fekk vi høyra den kjende fiolinisten Erik ter Jung og gitaristen Thomas Kjeldstad framføra verk av unge, norske komponistar, og deriblant ei urframføring - for aller første gong i Luftskipet. 

    • "Nattseilas" var eit nyskapande samarbeid mellom Liegruppen og Luftskipet. Arrangementet var eit eksperimentelt foredrag og forestilling rundt temaet næringsliv og kunstliv. For tilsette, vener og samarbeidspartnarar inviterte Liegruppen  og  Luftskipet til "Nattseilas" - tre spanande arrangement i desember. Det heile filma og dokumentert av NRK Hordaland.

    • Den interessa nasjonale og regionale media har vist for Luftskipet har gitt Sotra/Øygarden mang ein spaltemillimeter gratis merksemd.  I tillegg har plasseringa av Luftskipet på Gjerdet kulturminnegard bidrege til  blikkfang og at forbipasserande har lagt merke til noko dei kanskje ikkje har lagt merke til før:  At det skjer noko nytt, kulturelt og nyskapande på Gjerdet kulturminnegard. For eigaren av garden, Fjell kommune, vil vi tru at det vil vera av verdi for garden sitt framtidige liv som kulturarena.

    • At Luftskipet ikkje berre skulle vera ein kulturarena, men óg ein arena for debatt og samfunnsengasjement ser vi ut til å ha lukkast særs godt med. Takk til Vestnytt og alle som har engasjert seg i debatten rundt Luftskipet. Det set vi pris på, sjølv om vi har mått svelgja nokre bitre pillar undervegs.

    Gode Sirklar

    Vestnytt har i det siste via mykje spalteplass til Luftskipet. At vi er blitt avisa sitthatobjekt nr. 1 er kanskje å ta sterkt i,  men i alle dei negative spekulasjonane som avisa målber føler vi trong til å smetta inn nokre fakta:

    Ideen om Luftskipet vart unnfanga då Gode sirklar utarbeidde ein søknad om å få vår region med i det nasjonale verdiskapingsprogrammet til Riksantikvaren og Miljøverndepartementet. Kriterier for å bli valt ut var nye virkemiddel til verdi-skaping rundt kulturminne. Blant mange søkjarar vart "Perler i Nordsjøløypa" valt ut som eitt av 11 nasjonale verdiskapingsprosjekt. Over ein fireårsperiode har regionen gjennom dette prosjektet fått tildelt 4.5 millionar kroner i stønad. Luftskipet var eit avgjerande bidrag for at Sotra og Øygarden vann fram med søknaden sin. På den måten har Luftskipet bidratt til at vi har fått midlar m.a. til nytt tak på Trelleviknaustet, nyrestaurerte Selstøbuer , til å utdanna lokale guidar og til at det har vorte gjennomført fire Kaisess. 

    At Luftskipet ikke vart ferdig til planlagt tid skuldast uforutsette, produksjons-tekniske vanskar. Men om Lutftskipet uteblei frå lanseringa på Fjell festning den 24. august 2008, vart det  likevel gjennomført eit spanande og godt besøkt kunst-arrangement i festningsanlegget - i god Luftskip-ånd.

    Det må òg seiast at i den mest problematiske produksjonsperioden fekk prosjektleiaren, Gitte Sætre, ei lita jente med påfølgjande eitt års barselpermisjon. Forutan krevande produksjonsoppfølging har det heile tida vore arbeidd med presentasjonen av Luftskipet.Det har vore gjort eit grundig arbeid med utvikling av  konsept, namn, logo og ein profesjonell grafisk profil. I søknaden heitte Luftskipet kulturfartøyet. Fram til Luftskipet stod ferdig er det blitt utvikla presentasjonsmateriell, nettsider, annonser, flygeblad, pressemateriell, søknader m.m. Vi har fått profesjonell hjelp til utarbeiding av kommunikasjonsplattform og marknadsstrategi for Luftskipet.Denne er nett ferdig og vil vera rettesnor for forankring og vidare arbeid framover.

    I Vestnytt kan ein få inntrykk av at Luftskipet har stått uvirksomt på Fjell gard ifleire månader. Dette er ikkje rett. Sidan Luftskipet landa den 5. mai i fjor har vigjennomført følgjande arrangement:

    • Opningsutstillinga "Bibliotek" med den sør-koreanske kunstnaren Woojung Chun. Utstillinga var henta frå den internasjonale kunstbiennalen i Venezia, og vi tør påstå at liknande har ikke vore presentert i vår region før. 

    • Konsert med moderne samtidsmusikk i samband med kulturminnedagen på Gjerdet kulturminnegard og Fjell festning. Her fekk vi høyra den kjende fiolinisten Erik ter Jung og gitaristen Thomas Kjeldstad framføra verk av unge, norske komponistar, og deriblant ei urframføring - for aller første gong i Luftskipet. 

    • "Nattseilas" var eit nyskapande samarbeid mellom Liegruppen og Luftskipet.Arrangementet var eit eksperimentelt foredrag og forestilling rundt temaet næringsliv og kunstliv. For tilsette, vener og samarbeidspartnarar inviterte Liegruppen  og  Luftskipet til "Nattseilas" - tre spanande arrangement i desember.Det heile filma og dokumentert av NRK Hordaland.

    • Den interessa nasjonale og regionale media har vist for Luftskipet har gitt Sotra/Øygarden mang ein spaltemillimeter gratis merksemd.  I tillegg har plasseringa av Luftskipet på Gjerdet kulturminnegard bidrege til  blikkfang og at forbipasserande har lagt merke til noko dei kanskje ikkje har lagt merke til før: At det skjer noko nytt, kulturelt og nyskapande på Gjerdet kulturminnegard. For eigaren av garden, Fjell kommune, vil vi tru at det vil vera av verdi for garden sitt framtidige liv som kulturarena.

    • At Luftskipet ikkje berre skulle vera ein kulturarena, men óg ein arena for debattog samfunnsengasjement ser vi ut til å ha lukkast særs godt med. Takk til Vestnytt og alle som har engasjert seg i debatten rundt Luftskipet. Det set vi pris på, sjølv om vi har mått svelgja nokre bitre pillar undervegs.

    Gode Sirklar

     
 
Web design by Ctrl Alt DEL